|
Varmepumpe i enebolig - 170 m2
Byggeår: før 1987
Vi har her rekna med ein energipris på 60 øre/kWh og 7 % rente på inntening.
1. Jordvarme og vassboren varme*
|
Investering
|
Årleg spart
|
Innteningstid
|
|
|
|
Varmepumpe vatn/vatn
|
kr. 56 000
|
|
|
|
Jordsløyfe i plen
|
kr. 10 000
|
|
|
|
Sum investering
|
kr. 66 000
|
kr. 9200
|
11 år
|
Kommentar:
Du må legge bortimot 200 meter med rør om lag ein meter under bakkenivå, for å hente varmen ut av jorda. Vi har her berekna at huseigar leigar minigravar, og gjer dette arbeidet sjølv.
2. Varme frå uteluft og vassboren varme*
|
Investering
|
Årleg spart
|
Innteningstid
|
|
|
|
Varmepumpe luft/vatn
|
kr. 27 500
|
kr. 8000
|
4,5 år
|
Kommentar:
I vårt område (nordvestlandet) er temperaturtilhøva gode for varmepumper som hentar varmen frå utelufta. Desse vil gi deg varme heilt ned til -10 grader. Difor er det særs få dagar i året du ikkje kan nytte deg av denne varmepumpa.
3. Varme frå uteluft og luftboren varme
|
Investering
|
Årleg spart
|
Innteningstid
|
|
|
|
Varmepumpe luft/vatn
|
kr. 24 500
|
kr. 5200
|
6 år
|
Kommentar:
I ein eldre einebustad vil over 60 % av energirekninga gå til oppvarming, medan det i eit nytt hus vil vere omlag 45 %. Difor har ei luft/luft varmepumpe betre inntening i eit eldre hus.
* Vi føreset her at huset har installert vassboren varme frå før.
Dette er kun døme på varmepumpeprosjekt. Ta kontakt med Enøk-senteret for å få meir nøyaktige reknestykke for din bustad.
< forrige | neste >
|