Søk på stikkord

Sparetips

Oppvarming

Omlag 52 % av energibruken går til oppvarming av bustaden.

Slik nyttar du energien meir effektivt:

  • Senk innetemperaturen til ca. 20 grader C!
  • Tett trekken langs dører og vindauge med tetningslister!
  • Luft raskt og effektivt!
  • Montér termostat for styring av romoppvarminga og ei sentral styringseining for nattsenking av innetemperaturen!
  • Lat att døra mellom kalde og varme rom!

Dersom du skal byggje nytt hus, bør du vurdere følgjande:

Skal eg ha vassboren varme i golv?
Vassboren varme gir deg eit betre inneklima og auka komfort. I tillegg har du høve til å varme opp huset med det til ei kvar tid rimelegaste alternativet, både strøm, varmepumpe, ved, biopellets, olje osb.

Skal eg ha balansert ventilasjon?
Dersom du investerer i eit ventilasjonsanlegg med varmegjenvinnar, kan du ta ut overskotsvarme frå bad, vaskerom og kjøkken og nytte denne i andre rom. Med eit slikt anlegg kan du redusere oppvarmingsutgiftene dine med inntil 40%!

Skal eg ha sentral styring av elektriske varmekjelder?
Med ei sentral styringseining kan du frå eit rom i huset styre alle varmeomnar og elektriske punkt. Styringseininga gjer deg mellom anna høve til å senke temperaturen om natta og når du ikkje er i huset.

Visste du at:

  • Du sparer 5% av kostnadene til oppvarming for kvar grad du senkar temperaturen?

< forrige | neste >

_______________________________________________

Nettansvarlig: Gaute Øvereng

Enøk-senteret Møre og Romsdal AS, Hovdebygda, 6150 Ørsta
Tlf. 700 60 000

Copyright 2003-2006 Enøk-senteret AS