|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Straum eller ved? Lurar du på kva som er billegast til oppvarming, straum eller ved? Her får du nokre tips som kan hjelpe deg til å lage eit godt samanlikningsgrunnlag. Kor mykje er ei famn? Omrekna i sekkar, blir det omlag 30 sekkar på 80 liter, eller 40 sekkar på 60-liter. Energiinnhald i forskjellige treslag
Vi går her ut frå energiinnhaldet i veden ved 15 % fuktigheit. Har du heil tørr ved, vil energiinnhaldet vere omlag 25 % høgare. Får vi utnytta all energien i veden? Det er vanleg å rekne med ein virkingsgrad på 70 %, når ein skal rekne økonomisk lønsemd på vedfyring. Reknedøme 1500 kr / (3450 kWh * 70 %) = 0,62 kr/kWh Du kjøper nokre 80 liters-sekkar med blandingsved på ein bensinstasjon. sekkane kostar 60 kroner/stk. Dette skal du fyre i ein vedomn med normal god energiutnytting. Prisen pr. kilowattime blir då: (60 kr * 30) / (3000 kWh * 70 %) = 0,86 kr/kWh Finn prisen sjølv Det rimelegaste er sjølvsagt å hogge ved i eigen skog, men det er diverre ikkje alle forunt. |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||